Hopp til hovudinnhald Hopp til søk Hopp til botntekst

Nye fagtilbod skuleåret 2017-2018


I tillegg til disiplinane me har hatt tidlegare, kan de melde dykk på nokre nye tilbod til neste skuleår.



Sylvsmedkurs

I ekte telemarksånd kan gutar og jenter få lære mange ulike teknikkar når dei arbeider etter mal og med eigendesigna smykke. Produkta får deltakarane med seg heim. Kurset har fleire timar om gongen over færre veker enn andre tilbod i kulturskulen, og materialkostnad kjem i tillegg. Kurset vert halde hjå Telemarkssylv. Born/unge vert prioritert. Tilbodet er fortrinnsvis ettermiddag/kveld måndag, tysdagar og/eller onsdagar, avhengig av kor mange påmeldte kurset får.



Dans

5.-7. klassingar og 8. klasse + kan melde seg på kurs i dans. Elevane dansar hip-hop/bollywood, lærer spenstige og kreative koreografiar til songar dei liker. Elevane får prøve seg på sceneopptreden. Undervisninga byrjar med grunnleggande opplæring og avanserer i takt med elevane sin progresjon.



Band for vaksne

Dei over 18 år er velkomne til bandøvingar. Her ventar mykje kjekt og eit godt fellesskap. Bandet får god lærarvegleiing. Besetninga i bandet er song, keyboard/piano, el.gitar, el.bass eller trommer. For å søke på dette tilbodet bør du helst ha spelt eit bandinstrument tidligare. Bli med på moroa!


Send søknaden din nå - søknadskjema finn du her.

  • Dalen Hotel
  • Vest-Telemark museum

tokke.kommune.no nyttar informasjonskapslar (cookies) slik at me kan yte deg betre service. Informasjonskapslane blir i hovudsak nytta for trafikkmåling og optimalisering av tenesten. Du kan fortsette å bruke tokke.kommune.no som vanleg dersom du godtek dette. Dersom du vil vita meir, kan du lese om vår bruk av informasjonskapslar. Lukk