Hopp til hovudinnhald Hopp til søk Hopp til botntekst

Elevopptak

Tokke_kulturskule_søknadsskjema

Kven kan søke? Kvar finn eg søknadsskjema? Kan eg sei opp elevplassen min midt i eit semester?

Kven kan søke?
Kulturskulen skal vera ein inkluderande læringsarena, og alle som bur i kommunen kan søke om undervisningsplass hjå oss. Kulturskulen prioriterer først og fremst barn og unge, men me tek likevel inn vaksne om det er ledig kapasitet. Sjå anbefalt målgruppe for dei ulike tilboda.

Søknadsskjema
Elevar bind seg for eit halvt år/eit semester/eit kurs ved påmelding. Påmeldinga er bindande til du skrifteleg melder deg ut av kurset/kulturskulen. Kulturskuleelevar som er yngre enn 18 år går automatisk over i nytt semester. Elevar eldre enn 18 år må søke undervisningsplass årleg, innan 01. juni.

Prioritering ved opptak
1. Elevar som har plass frå før
2. Elevar frå grunnskulen
3. Elevar frå vgs
4. Vaksne
5. Søkjarar frå andre kommunar

Oppseiing av plass
For haustsemesteret må du sei opp plassen din skriftleg innan 1. juni.
For vårhalvåret må du sei opp skriftleg innan 1. desember.
Utmeldingar mellom 01.juni og semesterstart vert fakturert med eit administrasjonsgebyr, jamført vedtektene.
Ved manglande oppseiingar vert det sendt ut faktura for det komande halvåret.

Gå til inn og utmelding i kulturskulen her.
  • Dalen Hotel
  • Vest-Telemark museum

tokke.kommune.no nyttar informasjonskapslar (cookies) slik at me kan yte deg betre service. Informasjonskapslane blir i hovudsak nytta for trafikkmåling og optimalisering av tenesten. Du kan fortsette å bruke tokke.kommune.no som vanleg dersom du godtek dette. Dersom du vil vita meir, kan du lese om vår bruk av informasjonskapslar. Lukk