Hopp til hovudinnhald Hopp til søk Hopp til botntekst

Gruppeundervisning

juniorkorps_tokke
 Aktivitet   Alderstrinn
Musikkleik    
 
Ein fin introduksjon til vidare musikkundervisning for dei yngste, som har fokus på leik og moro. Musikkleikaktivitetar, rytme, litt dans og rørsler til ulike songar, samt introduksjon av ulike instrument står sentralt. Tilbodet vil vere i SFO-tida og øvingane er på Tokke kulturhus. 1. og 2. klasse
Band    
Band for unge
Undervisning der besetninga er song, keyboard/piano, el.gitar, el.bass eller tromme. For å søke på dette tilbodet bør du helst spele eit instrument i kulturskulen eller ha spelt eit bandinstrument tidligare. Undervisning på Elvarheim eller Høydalsmo skule.  
Band for vaksne
Dei over 18 år er velkomne til bandøvingar. Her ventar mykje kjekt og eit godt fellesskap. Bandet får god lærarvegleiing. Besetninga i bandet er song, keyboard/piano, el.gitar, el.bass eller trommer. For å søke på dette tilbodet bør du helst ha spelt eit bandinstrument tidligare. Bli med på moroa!  
Song    
Tokke Songlag
Songkor for ungdom og vaksne. Songkor for ungdom og vaksne. Bredt utval av repertoar, og et veldig sosialt fellesskap. Øvingane er på Tokke kulturhus onsdagar, kveldstid.  
Kunstfag
   
Visuell kunst
Elevane får variert innføring i dette spennande fagområdet. Dei får uttrykka seg gjennom praktisk skapande arbeid i teikning, maling, farge og komposisjon. Bruk av ulike materialer, reiskapar og teknikkar. to- og tredimensjonal form. Tilbodet er i SFO-tida på Høydalsmo og Tokke skule  2. klasse +
Sylvarbeid I ekte telemarksånd kan gutar og jenter få lære mange ulike teknikkar når dei arbeider etter mal og med eigendesigna smykke. Produkta får deltakarane med seg heim. Kurset har fleire timar om gongen over færre veker enn andre tilbod i kulturskulen, og materialkostnad kjem i tillegg. Kurset vert halde hjå Telemarkssylv. Born/unge vert prioritert. Tilbodet er fortrinnsvis ettermiddag/kveld måndag, tysdagar og/eller onsdagar, avhengig av kor mange påmeldte kurset får.  6. klasse +
Dans Elevane dansar hip-hop/bollywood, lærer spenstige og kreative koreografiar til songar dei liker. Elevane får prøve seg på sceneopptreden. Undervisninga byrjar med grunnleggande opplæring og avanserer i takt med elevane sin progresjon.  5.-7. klasse og 8.klasse +
Korps    
Juniorkorps på Dalen
Elevar som har hatt undervisning på treblås- og messingsinstrument i skuletid får tilbod om å bli med i juniorkorpset på Dalen.  
Tokke generasjonskorps
Me prøver å danne et generasjonskorps for vaksne og ungdom ei gong i veka. Undervisninga finn stad på Tokke kulturhus.  
Aspirantgruppe på Høydalsmo
Opplæring på messinginstrument for nybegynnarar. Gruppeundervisning. Undervisninga finn stad på Høydalsmo samfunnshus, musikkrom  
Høydalsmo og Lårdal Skulekorps
Musikkorps for barn og vaksne. Undervisninga finn stad på Høydalsmo samfunnshus, musikkromet.  
   Dirigentane i korpset på Dalen og på Høydalsmo er tilsett i kulturskulen. For meir informasjon, sjå her.  


  • Dalen Hotel
  • Vest-Telemark museum

tokke.kommune.no nyttar informasjonskapslar (cookies) slik at me kan yte deg betre service. Informasjonskapslane blir i hovudsak nytta for trafikkmåling og optimalisering av tenesten. Du kan fortsette å bruke tokke.kommune.no som vanleg dersom du godtek dette. Dersom du vil vita meir, kan du lese om vår bruk av informasjonskapslar. Lukk