Korps i skulen
|
Dette er ein «vinn-vinn situasjon» for både skulen, korps og elevar. Målet er å gje alle 3.klassingane (stundom også 2.klassingane på Høydalsmo) ein sjanse å læra seg å spela eit instrument, samstundes som det aukar kvaliteten i musikkundervisninga og på sikt gir fleire musikantar til musikkorpsa på Dalen og Høydalsmo. |
3. klasse
|
Musikkveka |
Ungdomskulane i Tokke og kulturskulen samarbeider kvart år om eit tverrfagleg prosjektveke som innfatta m.a. dans, band, kor, skodespel, film, mat og kostyme. Kulturskulen har ikkje ordinær undervisning denne veka. |
8.-10.klasse |
Konsertar/mønstringar
|
Kvar einskild elev får muligheit til å uttrykke seg gjennom ulike konsertar og utstillingar i gjennom året. Dette er ein del av undervisninga i eit kulturskuleår. Den aktuelle veka
det er konsertar/utstillingar, kan det hende ordinær undervisning fell bort. Elevar som ikkje ynskjer å delta aktivt på tilstellinga, vert oppmuntra til å delta som publikum då
dette også gjev god læring.
Me tek også i mot spørsmål frå organisasjonar, firma eller enkeltpersonar som ynskjer elevinnslag på sine arrangement.
|
Alle aldrar
|