Hopp til hovudinnhald Hopp til søk Hopp til botntekst

Fagtilbod i kulturskulen

Me skil mellom ulik gruppeundervisning og individuelt tilpassa undervisning.

Individuell undervisning og gruppeundervisning
Den individuelt tilpassa undervisninga går føre seg med 1 – 3 elevar til stades. Eleven lærer grunnleggande instrumentaltekniske ferdigheiter gjennom m.a. ved å trene på å lytte, lese, komponere, øve og framføre. Denne undervisninga er i endå sterkare grad lagt opp etter eleven sine føresetnader enn gruppeundervisning. Elevar med individuell undervisning kan få noko undervisning i samspel som ein naturleg musikalsk utvikling for den einskilde eleven.

Gruppefag
Enkelte gruppefag og kurs startar med atterhald om nok søkjarar.

Val av instrument
Ulike instrumentet set ulike krav til eleven. Generelt kan ein seie at born med ei normal motorisk utvikling kan ta til med instrumentalundervisning frå 8-10 års alder. På strykeinstrument, piano og fløyte kan det likevel vera mogleg å starte tidlegare. Det viktigaste er likevel at eleven er motivert til å lære å spele eit instrument. Når det gjeld blåseinstrument, er ein tommelfingerregel at elevene bør ha fått sitt andre sett med tenner før dei tek til med undervisning (unntaket er blokkfløyte og blokkfløyte). Me voner også at elevane vil vera med i kor, korps og band for å utvikle seg enda meir på instrumentet sitt. Undervegs i undervisningsåret oppmuntrar me til innsats heime slik at utviklinga og framgangen får best mogleg grobotn. Anbefalt alder er vegleiande, medan oppgitte aldersgrupper er faste.

Oversikt fagtilbod
Endringar i fagtilbodet kan kome. Tid og stad med atterhald.

I tillegg til alle desse tilboda jobbar me å få til ulike kurs. Kom gjerne med ynskjer, og fylg med på heimesidene til kommunen, kulturskulen sin facebookside, instagram og/eller annonse i avisa.

NB. Påmelding for nye søkjarar, bytte av fag og utmelding. Frist: 1. juni og 1.desember. Elevar på venteliste får beskjed så snart det vert ledig plass på aktuelt undervisningstilbod.

Søk her.


  • Dalen Hotel
  • Vest-Telemark museum

tokke.kommune.no nyttar informasjonskapslar (cookies) slik at me kan yte deg betre service. Informasjonskapslane blir i hovudsak nytta for trafikkmåling og optimalisering av tenesten. Du kan fortsette å bruke tokke.kommune.no som vanleg dersom du godtek dette. Dersom du vil vita meir, kan du lese om vår bruk av informasjonskapslar. Lukk