Hopp til hovudinnhald Hopp til søk Hopp til botntekst

Kulturskule

Tokke_kulturskule

Tokke kulturskule har eit rikt mangfald av aktivitetar ein kan søkje på. Me startar opp undervisninga frå veke 35.

Kulturskulen tilbyr eit rikt mangfald av aktivitetar, og ein kan søkje om undervisning i ulike instrument, song, band, kor, korps og visuelle kunstfag. Det vert lagt til rette for ulike kurstilbod undervegs i kulturskuleåret. Undervisninga er individuell- eller gruppebasert og startar opp i veke 35.



Kulturskulen har kick-off i byrjinga av kvart haustsemester. Det er viktig at alle møter. Me fylgjer skuleruta for grunnskulane i Tokke. Elevane får undervisning kvar veke, forutan fyrste skuleveke haustsemesteret, samt den veka ungdomsskulane har «Musikkveka».



Fylg oss på facebook @tokke.kulturskule, og instagram #Tokke_kulturskule og få jamlege oppdateringar og viktige beskjedar.



Kulturskulen har i dag eit forpliktande samarbeid med barnehage, grunnskule og det lokale kulturliv. Me har mellom anna ansvar for organisering av den kulturelle skulesekken (DKS), barnehagemeisen og ungdommens kulturmønstring (UKM).



Les informasjonsflyaren vår her.





  • Dalen Hotel
  • Vest-Telemark museum

tokke.kommune.no nyttar informasjonskapslar (cookies) slik at me kan yte deg betre service. Informasjonskapslane blir i hovudsak nytta for trafikkmåling og optimalisering av tenesten. Du kan fortsette å bruke tokke.kommune.no som vanleg dersom du godtek dette. Dersom du vil vita meir, kan du lese om vår bruk av informasjonskapslar. Lukk