Hopp til hovudinnhald Hopp til søk Hopp til botntekst

Kulturhus

Sist endra: 12.06.2017Kontaktperson: Finn Arne Askje
Tokke kulturhus

Adresse: Storvegen 211, 3880 Dalen

Kart.

I Tokke kulturhus finn du:

Konsertsal, driftskafe, møterom, Tokke kulturskule, Tokke bibliotek, Symjehall (28 grader i vatnet)  m/ terapibaseng (34 grader i vatnet) , badstoger, stillerom, Tokke bygdekino og møterom. Kyrkja har sine gudstenester i kulturhuset.

Tokke kulturhus har to kjøken.

  • Storkjøken knytt til konsertsal
  • Mindre kjøken knytt til møterom.

Tokke kulturhus kan leigast til arrangement og møter.

Typisk er:

møter med inntil 172 deltakarar

amfi med 172 sitjeplassar

utstillingslokale på 80 m2

konfirmasjonar, bryllaup, barnedåpar.

I tillegg kan lag, organisasjonar og verksemder leige symjehallen.

Det er vanleg at symjehallane er stengt om sommaren i tida 1. mai - 15. sempember i samband med vedlikehaldsarbeid.
Betaling: kontanter eller Vipps

 Tokkebadet har ope:
 Opningstid  Merknad
 Måndag  1500 - 1700  Friskvernbading
   1700 - 1900  Ope for alle
 Tysdag - Fredag  1700 - 2000  
 Laurdag  1100 - 1500  

Temperaturen i bassenga ligg på 38 grader og 34 grader i terapibadet.

Prisar:

Barn/ skuleungdom kr 25,-

Honnør kr 25,-

Vaksne kr 40,-.

Årskort:

Barn/ skuleungdom : kr 550,- ( kr 300,- for ½ årskort )

Honnør: kr 700,- ( kr 400 for ½ årskort )

Vaksne: kr 1100,- ( 600 for ½ årskort )

Familie: ( vaksne+ barn t.o.m. 15 år ) kr 2200 ( kr 1200 for ½ årskort)

Tokke kulturhus har vaktmeistarteneste på dagtid ( måndag – fredag ).

Det er tilsett tilsynsvaktmeistarteneste frå 1700 til 2200 måndag – fredag, og laurdag og sundag etter avtale.

Slik er Tokke kulturhus tilgjengeleg for utleige alle dagar utanom 4 veker i ferien.

For tinging av delar eller heile kulturhuset skal du nytte eige skjema.

Du kan ved spørsmål kontakte Tokke bibliotek på telefon: 35 07 56 66 tysdag til laurdag i opningstid.

Sumarope 18. juni til 13. august

Tysdag - torsdag kl 1000 - 1900

Tokke kulturhus skal ha arrangement for publikum i alle aldrar jamt utover heile året unnateke perioden frå 15. juni til 15. august. Mange av desse arrangementa er med lokale utøvarar. Typisk slike arrangement er: revy, kulturskulekonsertar, Ungdomens kulturmønstring ( UKM ) og elevarrangement.

Tokke kulturhus skal kvart år gjennomføre 10 eller fleire konsertar med nasjonalt kjende artistar.

Teater Ibsen har fast spelestad i Tokke kulturhus.

Folkeakademiet har fleire arrangement kvart å i Tokke kulturhus.

Tokke kulturhus skal leggje sine arrangement rimeleg i pris.

Pris for leige finn du på her, men det er mogeleg å ta ein prat med oss om dette.

Tokke kulturhus er ei eining under Oppvekst-, kultur- og idretts-etaten.

Kulturhusleiar er direkte plassert med Oppvekst-, kultur- og idrettssjef som næraste overordna.





  • Dalen Hotel
  • Vest-Telemark museum

tokke.kommune.no nyttar informasjonskapslar (cookies) slik at me kan yte deg betre service. Informasjonskapslane blir i hovudsak nytta for trafikkmåling og optimalisering av tenesten. Du kan fortsette å bruke tokke.kommune.no som vanleg dersom du godtek dette. Dersom du vil vita meir, kan du lese om vår bruk av informasjonskapslar. Lukk