Hopp til hovudinnhald Hopp til søk Hopp til botntekst

Idrett og friluftsliv

Sist endra: 03.05.2017Kontaktperson: Finn Arne Askje
Fotball
Tokke kommune har eit rikt idrettsliv og tradisjonar for å nytte den flotte naturen.

Den organiserte idretten har sju lag tilknytt Tokke Idrettsråd som alle er aktive med ulike greiner og til ulike stadar i kommunen. Barneidrett og gode vilkår for barn og unge er viktig for idretten, dette er og nedfelt i kommunens planverk knytt til idrett. Tokke har og fostra fleire idrettsutøvarar på høgt nasjonalt og internasjonalt nivå. Både innanfor motorsportmiljøet tilknytt Skafså motorsportklubb og frå vinteridrettsgreiner som kombinert og langrenn. OL gullvinner i kombinert Magnus Krogh er blant utøvarane Tokke kommune har sponsa.

Friluftslivet i Tokke er knytt til natur som spenner frå høgfjell til Telemarkskanalens vassveg. Som del av Vandre Telemark er det utarbeida flotte kart og merkte turstiar i kommunen. Blant dei meir kjente er turen frå Eidsborg til Lårdal, Lårdalsstigen, ein spektakulær turveg langs fjellkanten av Telemarkskanalen. For meir informasjon sjå www.visitdalen.com.

  • Dalen Hotel
  • Vest-Telemark museum

tokke.kommune.no nyttar informasjonskapslar (cookies) slik at me kan yte deg betre service. Informasjonskapslane blir i hovudsak nytta for trafikkmåling og optimalisering av tenesten. Du kan fortsette å bruke tokke.kommune.no som vanleg dersom du godtek dette. Dersom du vil vita meir, kan du lese om vår bruk av informasjonskapslar. Lukk