Hopp til hovudinnhald Hopp til søk Hopp til botntekst

Dalen Ungdomsklubb

Ungdomsklubb

Tokke kommune har ein kommunal ungdomsklubb på Elvarheim ungdomshus på Dalen som har dette tilbodet: Datarom m/internett, biljard, diverse spel, TV m/DVD og spel, dansehjørne.

Klubben er open for ungdom frå 8. klasse og oppover. Det er ingen fast øvre aldersgrense, bare reglane i klubben blir haldne, særleg i høve rus. Klubben er open tysdag, torsdag og fredag frå 01. september til 31. mai.

Me har 81,54% faste stillingar i klubben fordelt på klubbleiar i 60% og to klubbarbeidarar med 10,77% kvar. Tor Øystein Gravdal er klubbleiar og Frans van Dinther har klubbarbeidarstilling.

Kontaktperson:

Klubbleiar: Tor Øystein Gravdal

Tlf: 97 53 98 09

Tlf Elvarheim: 35 07 70 45

E-post: elvis@tokke.kommune.no

Rockeverkstad

Scenen på Elvarheim er sett i stand til ein fullt utstyrt rockeverkstad der instrument kan stå trygt framme mellom øvingane (Det er låsbar gitterport i sceneopninga). Rockeverkstaden er ein aktivitet under ungdomsklubben. Open fredag kl. 1900-2200 og elles etter avtale med klubbleiaren.

Miljøarbeidar

Kulturetaten har i samarbeid med helse-og sosialetaten, ei 40% stilling som miljøarbeidar. Målgruppa er ungdom frå 16-20 år. Tor Øystein Gravdal vart tilsett i stillinga 01.09.07.

Bygdekino



  • Dalen Hotel
  • Vest-Telemark museum

tokke.kommune.no nyttar informasjonskapslar (cookies) slik at me kan yte deg betre service. Informasjonskapslane blir i hovudsak nytta for trafikkmåling og optimalisering av tenesten. Du kan fortsette å bruke tokke.kommune.no som vanleg dersom du godtek dette. Dersom du vil vita meir, kan du lese om vår bruk av informasjonskapslar. Lukk