Hopp til hovudinnhald Hopp til søk Hopp til botntekst

Lånereglar

Alle har rett til å låne gratis frå biblioteket. Institusjonar blir registrerte ved ein ansvarleg person. Barn under skulepliktig alder låner på føresette sitt lånekort.

Lånetida er normalt 4 veker. Lånetid for film og tidsskrift er 2 veker og for språkkurs 6 veker. For materiale innlånt frå andre gjeld lånereglane til eigarbiblioteket.

Dersom materialet ikkje er reservert, kan lånet vanlegvis bli forlenga inntil tre gonger. Fornying kan skje ved frammøte på biblioteket, via telefon, e-post eller internett – logg inn med lånenummer/epost og PIN-kode via heimesida.

Materiale som er utlånt kan bli reservert. Du får melding når materialet kjem og må då hente innan 14 dagar.

Fjernlån: Bøker o.a. vi ikkje eig sjølve prøvar vi å skaffe frå andre bibliotek. For slike lån gjeld lånereglane til eigarbiblioteket, inkludert satsar for erstatning/gebyr. Reglane finn ein gjerne på eigarbiblioteket sine heimesider.

Lånaren er ansvarleg for det som blir lånt på eige lånekort. Hugs lånekort når du skal låne.
Meld adresseendring og tap av lånekort til biblioteket. Lånaren har plikt til å gjere seg kjent med lånarreglementet

Bøker o.a. som ikkje er levert før lånetida er ute, vert purra. Tapt eller øydelagt materiale må erstattast etter fastsette satsar, eventuelt kan lånekortet bli sperra til saken er oppgjort.

Film lånt på biblioteket er til privat bruk. Det er lånaren sitt
ansvar å fylgje aldersmerking. Biblioteket er ikkje ansvarleg for skade på teknisk utstyr ved bruk av lånt materiale

tokke.kommune.no nyttar informasjonskapslar (cookies) slik at me kan yte deg betre service. Informasjonskapslane blir i hovudsak nytta for trafikkmåling og optimalisering av tenesten. Du kan fortsette å bruke tokke.kommune.no som vanleg dersom du godtek dette. Dersom du vil vita meir, kan du lese om vår bruk av informasjonskapslar. Lukk