Hopp til hovudinnhald Hopp til søk Hopp til botntekst

Fråsegn om personvern

Tokke bibliotek har ansvaret for at dei personopplysningane vi får, blir handsama i samsvar med personopplysningslova og dei lovene som gjeld til ei kvar tid. Har du spørsmål eller meiningar om fråsegna om personvern, inkludert eigne rettar etter lova, kan du kontakte oss HER.

Lånehistorikk og lånedata – personopplysningar i biblioteksystemet

For å låne bøker og andre medium, må du ha eit lånekort som du får ved å registrere deg som lånar i biblioteksystemet vårt, Mikromarc, og/eller appen eBokBib. Ein avtale med systemleverandøren sikrar at andre ikkje kan bruke personopplysningane utover det biblioteket, som ansvarleg for handsaminga, har bestemt.

Fråsegna om personvern frå systemleverandøren av Mikromarc, Bibits.

Fråsegna om personvern frå leverandøren av eBokBib, Biblioteksystemer.

Det er valfritt om du ynskjer at biblioteket skal lagre historikk om tidlegare lån. Lånehistorikken vert lagra om du ber spesifikt om det sjølv. Du kan når som helst avslutta medlemskapen din ved å kontakte oss. Uteståande lån må du levere før du kan avslutte medlemskapen.

Personopplysningane vert lagra hos biblioteket så lenge det er eit sakleg behov, og uansett ikkje lenger enn krava i personvernlovene. Dei vil då bli anonymiserte eller sletta. Du har til ei kvar tid rett til å sjå dei opplysningane som er registrerte om deg, og du kan krevja retting, sletting og rett til avgrensing av handsaming i samsvar med gjeldande personvernlover. Dersom du ønskjer noko av dette, kan du når som helst kontakte oss på e-post.


tokke.kommune.no nyttar informasjonskapslar (cookies) slik at me kan yte deg betre service. Informasjonskapslane blir i hovudsak nytta for trafikkmåling og optimalisering av tenesten. Du kan fortsette å bruke tokke.kommune.no som vanleg dersom du godtek dette. Dersom du vil vita meir, kan du lese om vår bruk av informasjonskapslar. Lukk