Hopp til hovudinnhald Hopp til søk Hopp til botntekst

Fagområda

«Kvart fagområde dekker eit vidt læringsfelt. Fagområda opptrer sjeldan isolert. Fleire område er ofte representerte samtidig i eit temaopplegg og i samband med kvardagsaktivitetar og turar i nærmiljøet.» Rammeplanen Kommunikasjon, språk og tekst
  • Tidleg og god språkstimulering er viktig. Det handlar både om verbale og non-verbale uttrykk. Språket er identitet skapande og nært knytt til kjensler. «For å sikre ei kontinuerleg og god språkleg utvikling for alle born må fokus på språkarbeidet vere ein del av alle fagområda rammeplanen, årsplanane til barnehagane og månadsplanane til dei ulike avdelingane.» Språkplan for barnehagar i Tokke kommune.
    Me vil: 
    • At barna skal få ei positiv haldning til tekst, rim og regler, song og forteljar tradisjona
    • At barna blir lytta til og kan få tid til å uttrykkje seg
    • At barna øver på å lytte til andre
  • Kropp, rørsle og helse
    Barn er kroppsleg aktive og uttrykker seg gjennom kroppen. Ved sanseuttrykk og rørsle skaffar barn seg erfaringar, dugleikar og kunnskapar på mange område. «Barnekroppane er stadig i forandring. Den eine dagen verkar det umulig å komme opp på huska på egen hand, den neste dagen klatrar du opp og ned og opp og ned og opp og ned, helt til det ser ut som om du aldri har gjort annet.» Barnehagefolk 4/2014.
    Kroppens oppgåve er meir enn å halde hovudet på plass. Tær og fingar, hud og indre organ- alt heng saman gjennom eit nettverk av nervar. Nervesystemet er eit kompleks organ som samtidig føler, tenker, hugsar, diktar opp, tolkar og kombinerer minner og erfaringar for å skape nye forståingar (Egan, K).
    Margrete Wiede Aasland oppmodar oss på kursdag i november 2015 til snakke med barna om alt det den fantastiske kroppen er og kan. Om at kroppen din er fin, og at den er bare din, og om korleis me tek vare på den. Kroppen skal me vere i heile livet, så den må me passe godt på.  
    Me vil:
    • At barna utviklar forståing og respekt for andre sin kropp
    • «Min kropp, eg bestemmer»
    • At barna utviklar god kroppsmestring
    • At barna får god sjølvoppfatning gjennom kroppsmestring
    • At barna lærer seg gode vanar, haldningar og kunnskap rundt kosthald.
  • Kunst, kultur og kreativitet
    «Å vere saman om kulturelle opplevingar og gjere eller skape noko felles, bidreg til samhøyrsle.» Rammeplanen
    Ein kan vanskeleg sjå for seg ein barnehage utan song, rørsle, danseleikar, musikk, teikning, måling, forming, drama, eventyr og forteljing. Karakteristisk for barn er at dei lærer og erfarer gjennom allsidig bruk av alle sansar. Barn kan få inntrykk og barn kan uttrykke. Samarbeid med kulturskulen/ den kulturelle bæremeisen- me får tilgang til ulike kulturopplevingar. Me har hatt gode opplevingar knytt til dette samarbeidet. Eit par år har me hatt felles dag for alle barnehagebarn i kommunen før jol og før sommaren.
    Me vil:
    • At barna får oppleve mat som levande kulturarv
    • At barna får lytte og danse til variera musikk
    • At barna får prøve ut ulike teknikkar i formingsfaget (måling, trykking, ull og tre).
    • At barna får kjennskap til Anne Grimdalen 
  • Natur, miljø og teknikk
    Naturen gjev rom for eit mangfald av opplevingar og aktivitetar til alle årstider og i all slags ver. Naturen er ei kjelde til vakre opplevingar og gjev inspirasjon til estetiske uttrykk.
    Naturen har utfordringar for alle, til dømes kan ein stein vere lett å klatre opp på for ein 5 åring, men heilt umogleg for ein 2 åring. Naturen er full av små «under» og ei kan samtale om fenomen i den fysiske verda som opnar for dei store spørsmåla. Kven er me og kvar kjem me i frå?  Norske barnehagebarn har tradisjonelt vore mykje ute, i all slags ver og til alle årstider. Fleire forskarar hevdar at naturen er den beste leikeplassen for barn (Temahefte om natur og miljø).
    Me vil:
    • At barna får forståing for berekraftig utvikling. Sortere avfall og kompostere.
    • At barna får gå på tur ein gong i veka og lære om korleis ein tek vare på naturen.
    • Fylgje med på naturen etter dei ulike årstidene og veret. 
  • Etikk, religion og filosofi
    Dette fagområdet er med på å forme korleis ein oppfattar verda og menneske. Det påverkar våre verdiar og haldningar.
    I fleire hundre år har kristen tru og tradisjon saman med humanistiske verdiar prega norsk og europeisk kultur. Respekt for menneskeverd og natur, åndsfridom, nestekjærleik, tilgiving, likeverd og solidaritet er verdiar som kjem til uttrykk i mange religionar og livssyn, og som er forankra i menneskerettane. Noreg er i dag eit multireligiøst og fleirkulturelt samfunn. Barnehagen skal reflektere og respektere mangfaldet som er representert i barnegruppa, samtidig som han skal ta med seg verdiar frå kristen og humanistisk arv og tradisjon. (Rammeplanen )
    Me vil:
    • At barna får kjennskap til tradisjonar knytt til høgtider i religionar og livssyn
    • Førebygge mobbing gjennom å lære barna om toleranse, vere ein god ven og konflikthandtering.
  • Nærmiljø og samfunn
    Det at barna får påverke det indre liv i barnhagen, kan vere det fyrste steget for å få innsikt i og erfaring med å delta i eit demokratisk samfunn. Barnehagen har i oppgåve å bidra til at barn møter verda utanfor familien med tillit og nysgjerrighet.
    Me vil:
    • At barna får oppleve likeverd og likestilling
    • At barna får oppleve glede og kjennskap til barnehagens nærmiljø, sentrum, Rui, Tangane, gardar om kring, museum... 
    • Besøke arbeidsplassar
  • Tal, rom og form
    Barn er tidleg opptekne av tal og teljing, dei utforskar rom og form, argumenterer og er på jakt etter samanhengar. Matematisk forståing utviklast gjennom leik, eksperimentering og i kvardagsaktivitetar. Dei vaksne må vere lyttande og merksame knytt til matematikken som barna uttrykker gjennom leik, samtaler og kvardagsaktivitetar.
    Me vil: 
    • At barna får kjennskap til ulike matematiske omgrep. 
    • At barna får erfare, utforske og leike med ulike mønster, former og storleikar
    • At barna får erfare plassering og orientering (eigen kropp i rommet kan vere eit godt utgangspunkt). 

tokke.kommune.no nyttar informasjonskapslar (cookies) slik at me kan yte deg betre service. Informasjonskapslane blir i hovudsak nytta for trafikkmåling og optimalisering av tenesten. Du kan fortsette å bruke tokke.kommune.no som vanleg dersom du godtek dette. Dersom du vil vita meir, kan du lese om vår bruk av informasjonskapslar. Lukk