Hopp til hovudinnhald Hopp til søk Hopp til botntekst

Dei minste i barnehage- ein god start

Tilknytning sirkel
90 prosent av norske 1- 5 åringar går i barnehage. (Barnehagespeilet 2015)

80 prosent av alle norske barn startar i barnehage mellom 1 og 2 år. Frå 2015 er 35 prosent av barna i norske barnehagar under 3 år. Frå år 2000 og fram til i dag har andelen barn under tre år i barnehagane auka med 42 prosent. (Kjelde: goban.no og blikkforbarn.no

27 prosent av barna i Dalen barnehage er under 3 år. 

Ein veit at dei minste barna er mest sårbare og treng ro og tett vaksenkontakt. Dei er små. Dei kan ikkje snakke, men gjer seg forstått gjennom kropp språk og lydar. Dei treng augo som ser og er til stades. Dei treng eit fang og sitte på. Dei treng ei vaksenhand som kan vinke saman med dei. Dei treng trøyst. 

Når barn er rundt eitt år gamle er mange av  barna framleis midt inne i ein prosess der det å knytte seg til foreldre er ei sentral utviklingsoppgåve (Artikkel «Når små barn begynner i barnehagen» May Britt Drugli og Anne Mari Undheim /Bowlby 2007). 


Korleis vil vi arbeide for å skape ein trygg start for barn og foreldre i barnehagen? 

På Dalen som er ein stor barnehage har me to småbarnsavdelingar. Desse avdelingane er for barn under 3 år. Dei får då starte i mindre gruppe, noko som nyare forsking også stør. Vidare har me stipulert ein plan for dei fyrste tre dagane i barnehagen. Likevel vil me understreke at dersom barn eller foreldre treng meir tid ordnar me det. Somme gonger må barnehagen også be foreldre om å bli lenger, dersom me ser at barnet ikkje er trygt. 

Vidare vil me tilby: 
  • Startsamtale før barnet skal byrje. Informasjonsutveksling mellom heim og barnehage. 
  • Fylgje opp at barn sitt behov blir ivaretatt og at det er naturleg og naudsynt med individuelle tilpassingar (fleksible rutinar for foreldredeltaking).
  • Nære og sensitive vaksne som vil gå inn i situasjonane saman med barna og trygge dei. 

tokke.kommune.no nyttar informasjonskapslar (cookies) slik at me kan yte deg betre service. Informasjonskapslane blir i hovudsak nytta for trafikkmåling og optimalisering av tenesten. Du kan fortsette å bruke tokke.kommune.no som vanleg dersom du godtek dette. Dersom du vil vita meir, kan du lese om vår bruk av informasjonskapslar. Lukk