Hopp til hovudinnhald Hopp til søk Hopp til botntekst

Danning gjennom Omsorg, Leik og Læring (Pedagogisk plattform)

Omsorg

«Barn har rett til omsorg og nærleik» står det i Rammeplanen.

Korleis arbeide med dette i barnehagen?
Alle barnehagepersonale har ei yrkesetisk forplikting til å handle omsorgsfullt overfor alle barn. Omsorg skal prege alle situasjonar i kvardagslivet og kome til uttrykk når barna leiker, lærer, i stell, måltid og påkledning. Ansvar for å skape ein god relasjon til alle barn ligg hjå dei vaksne.

For oss tyder dette:  

  • Barna må vere i fokus
  • Sjå barna som subjekt
  • Setje grenser
  • «eit fang»
  • rettleie barn til å bli den beste utgåva av seg sjølv  


Leik

« Leiken har eigenverdi og er ei viktig side av barnekulturen. Leiken er eit allmennmenneskeleg fenomen der barn har høg kompetanse og stort engasjement» Rammeplanen s. 32.

«Barn over hele verden leker. Det er nesten så selvfølgelig at det kan virke unødvendig å reflektere over det.»

«Stopp klokka ein gong til!

Av leik kjem MEIR leik.

MYKJE, du veit mykje

Mykje vil ha meir

LEIK»

Terje Melås

Leik er barnas viktigaste aktivitet. Leik fremmar utvikling på alle område: intellektuelt, språkleg, motorisk, emosjonelt og sosialt. Leiken kan by på vennskap på tvers av alder, språk og kulturell ulikskap. Me ynskjer at leiken i Dalen barnehage skal romme mykje latter, glede og humor. Venner og leikekameratar er vesentleg for om barn trivst og finn meining i barnehagekvardagen, samtidig som barn treng å få høve til å trekke seg tilbake og leike for seg sjølv.

Me vil:

  • Gje barna god tid til leik
  • Arbeide for at alle skal ha nokon å leike med 

Veksle mellom å støtte, delta og inspirere


Læring


« Når barn undrar seg over noko, må dei møtast på ein utfordrande og utforskande måte, slik at det dannar grunnlaget for eit aktivt og utviklande læringsmiljø i barnehagen. Interessene og spørsmåla til barna bør danne grunnlaget for læringsprosessar og tema i barnehagen.» Rammeplanen s. 33

Læring føregår i det daglege samspelet med andre menneske, med miljøet og er nært knytt til leik, danning og omsorg. Barn lærer gjennom alt dei erfarer og opplever på alle område. Korleis me møter barna sine uttrykk gjennom kroppsspråk, språk, kjensler og relasjonar har mykje å seie for korleis det enkelte barnet lærer. Læring hjå oss skal bere preg av mestring og glede.

Me vil:

  • Gje tid til å lytte og samtale
  • Gje barna opplevingar, kunnskap og materiale som fremmar læring



       



tokke.kommune.no nyttar informasjonskapslar (cookies) slik at me kan yte deg betre service. Informasjonskapslane blir i hovudsak nytta for trafikkmåling og optimalisering av tenesten. Du kan fortsette å bruke tokke.kommune.no som vanleg dersom du godtek dette. Dersom du vil vita meir, kan du lese om vår bruk av informasjonskapslar. Lukk