Hopp til hovudinnhald Hopp til søk Hopp til botntekst

Barns rett til medverknad

«Barn i barnehagen har rett til å gi uttrykk for sitt syn på barnehagens daglige virksomhet. Barn skal jevnlig få mulighet til aktiv deltakelse i planlegging og vurdering av barnehagens virksomhet. Barnets synspunkter skal tillegges vekt i samsvar med dets alder og modenhet.» (Barnehagelova §3)


Dette inneber at barna skal få oppleve tilknytning og ta del i eit fellesskap. Det inneber at barna sine interesser og forutsetningar skal vere ei rettesnor for korleis ein kan tilnærme seg dei ulike fagområda i rammeplanen.


Våre tiltak for å oppnå dette er:

  • Me må finne ut av kva barna er opptekne av og lage planar ut i frå dette
  • Me må vere lydhøyre vaksne
  • Me må vere vaksne som er der for barna. 

Årstidsbord

Årstidsbordet er for barna i barnehagen på Dalen. Bordet er sansestimulerande. Saman kan me undre oss over alt det fantastiske som skjer ute i naturen. Barna pyntar bordet med ting dei finn i naturen. Dette kan vere pinnar, stein, blomar og konglar. Bordet skal inspirere til læring om naturen og ut i frå dei ulike årstidene.


Barns medverknad i dette: 

  • Dei barna som har lyst til å ta med noko dei har funne heime/ på tur kan gjere dette. Dei får då høve til å legge dette på bordet og fortelje om tingen om dei vil. 



tokke.kommune.no nyttar informasjonskapslar (cookies) slik at me kan yte deg betre service. Informasjonskapslane blir i hovudsak nytta for trafikkmåling og optimalisering av tenesten. Du kan fortsette å bruke tokke.kommune.no som vanleg dersom du godtek dette. Dersom du vil vita meir, kan du lese om vår bruk av informasjonskapslar. Lukk