Hopp til hovudinnhald Hopp til søk Hopp til botntekst

Barnehagens overordna mål

Barnehagelova 2005
Barnehagane høyrer under Kunnskapsdepartementet og vert regulera gjennom lov om barnehagar av 17. juni 2005. 

Samfunnsmandatet til barnehagen:

I fylgje lovas §1 
«Skal barnehagen i samarbeid og forståelse med hjemmet ivareta barnas behov for omsorg og lek, og fremme læring og danning som grunnlag for allsidig utvikling. Barnehagen skal bygge på grunnleggende verdier i kristen og humanistisk arv og tradisjon, slik som respekt for menneskeverdet og naturen, på åndsfrihet, nestekjærlighet, tilgivelse, likeverd og solidaritet, verdier som kommer til uttrykk i ulike religioner og livssyn og som er forankret i menneskerettighetene.
Barna skal få utfolde skaperglede, undring og utforskertrang. De skal lære å ta vare på seg selv, hverandre og naturen. Barna skal utvikle grunnleggende kunnskaper og ferdigheter. De skal ha rett til medvirkning tilpasset alder og forutsetninger.
Barnehagen skal møte barna med tillit og respekt, og anerkjenne barndommens egenverdi. Den skal bidra til trivsel og glede i lek og læring, og være et utfordrende og trygt sted for fellesskap og vennskap. Barnehagen skal fremme demokrati og likestilling og motarbeide alle former for diskriminering.»
Barnehagelova 2005

Rammeplan for barnehage 2011
Departementet fastset rammeplan for barnehagen med retningslinjer for barnehagens innhald og oppgåver. «Målet med rammeplanen er å gje styraren, dei pedagogiske leiarane og personalet elles ei forpliktande ramme for å planleggje, gjennomføre og vurdere verksemda til barnehagen. Innhaldet i barnehagen skal byggje på eit heilskapleg læringssyn, der omsorg, leik, læring og danning er sentrale delar. I tillegg er sosial og språkleg kompetanse og sju fagområde viktige delar av læringsmiljøet i barnehagen.» s.5, Rammeplan for barnehage 2005

Årsplanen er det viktigaste verktøyet til barnehagen og skal leggje grunnlaget for verksemda.

Årsplanen skal gje brukarar og andre interessentar informasjon om barnehagen og innhaldet i barnehagen. Årsplan skal bygge på Rammeplan for barnehage, evalueringar og tilbakemeldingar frå foreldregruppa. Årsplan skal skildre barnehagen sitt pedagogiske grunnsyn, måla som ein arbeider mot og kva slag metodar og tiltak ein tenkjer å nytte seg av for å nå måla. Med bakgrunn i tidlegare erfaringar, medarbeidersamtaler og tilbakemeldingar frå foreldregruppa skal barnehagen dette året arbeide med fokus på samarbeid på tvers, vennskap og fysisk aktivitet. 


tokke.kommune.no nyttar informasjonskapslar (cookies) slik at me kan yte deg betre service. Informasjonskapslane blir i hovudsak nytta for trafikkmåling og optimalisering av tenesten. Du kan fortsette å bruke tokke.kommune.no som vanleg dersom du godtek dette. Dersom du vil vita meir, kan du lese om vår bruk av informasjonskapslar. Lukk