Hopp til hovudinnhald Hopp til søk Hopp til botntekst

Barn og sjukdom i barnehagetida

I løpet av barnehagetida kan ein frå tid til annan oppleve at barna blir sjuke. Den fyrste tida etter barnehagestart kan vere hektisk, og den eine krimsjuka etter den andre kan råke barna. Det er heller ikkje uvanleg med oppkast og diare. Mange barn og nye omgjevnader serverer eit stort spekter av smittestoff som me ikkje har heime. Å sende barna for tidleg tilbake til barnehagen kan føre til at barna er meir mottakelege for ny smitte.
God handhygiene kan redusere smitte. Difor er me takksame for om dykk foreldre hjelper barna å vaske hendene når dykk kjem til barnehagen.

Det er alltid allmenntilstanden til barna som avgjer om dei kan vere i barnehagen eller bør vere heime. Då meiner me at allmenntilstanden må vere god nok til at barna kan delta aktivt i leik både inne og ute i ein heilt vanleg barnehagekvardag. Enkelte sjukdomar krev ulike smittevern tiltak. Oppkast og diare medfører stor smittefare, og oppmodinga er då at barna bør vere heime 48 timar etter siste tilfelle av oppkast eller diare.


For ytterlegare informasjon vil me anbefale folkehelseinstituttet sine heime sider:

https://www.fhi.no/sv/barnehage/nar-ma-barnet-vare-hjemme-fra-barne/

tokke.kommune.no nyttar informasjonskapslar (cookies) slik at me kan yte deg betre service. Informasjonskapslane blir i hovudsak nytta for trafikkmåling og optimalisering av tenesten. Du kan fortsette å bruke tokke.kommune.no som vanleg dersom du godtek dette. Dersom du vil vita meir, kan du lese om vår bruk av informasjonskapslar. Lukk