Hopp til hovudinnhald Hopp til søk Hopp til botntekst

Budsjett

Budsjett, økonomiplan (ØP) og handlingsprogram (HP)

Gjeldande vedteke budsjett er Budsjett 2014, ØP og HP 2014 - 2017



Dette ligg på heimesida til Tokke kommune. Vedtak, framlegg  og stemmegjeving i saka finn ein på heimesida under fane POLITIKK/sakskart og vedtak. Ein må deretter vele utval og møtedato for å få fram saksframlegg og protokollar.

Budsjettet blir vedteke i det siste kommunestyremøtet kvart år, i desember. Før dette har budsjettframlegget vore til handsaming i alle hovudutval. 

Budsjettdokumentet i Tokke er  ein fireårig økonomiplan (ØP) med handlingsprogram (HP),  inkludert årsbudsjettet  for komande år. Tokke kommune nyttar ein enkel form for målstyring der det enkelte planområde skal gjera seg nokre få, målbare mål for neste budsjettår som seinare skal kunna rapporterast på i tertialrapportar og årsmelding.  

 Handlingsprogram 2015 -2018 - Overordna mål

Handlingsprogram  2014 -2017 - Overordna mål  

Måla skal fange opp fem fokusområde:

  • samfunn,
  • organisasjon/medarbeidar,
  • økonomi og
  •  brukarar
  • interkommunalt samarbeid

Det er vedteke felles mål for kvart fokusområde. Etatane/planområda sine mål er ikkje delt inn på same måte, men må kunne relaterast til eitt eller fleire av dei overordna måla.

Planområda er organisert slik:

Planområde 1 ( PL 1) = Sentraladministrasjonen. Blir gjerne rapportert på saman med PL6.  

PL2 = Oppvekst , PL3a= Helse , PL3b=Omsorg, PL4 = Plan, næring og kultur, PL5= Teknisk, PL6= Fellesutgifter.

  • Dalen Hotel
  • Vest-Telemark museum

tokke.kommune.no nyttar informasjonskapslar (cookies) slik at me kan yte deg betre service. Informasjonskapslane blir i hovudsak nytta for trafikkmåling og optimalisering av tenesten. Du kan fortsette å bruke tokke.kommune.no som vanleg dersom du godtek dette. Dersom du vil vita meir, kan du lese om vår bruk av informasjonskapslar. Lukk